Stussar trea for sommaren

Det er ikkje berre folk som må stusse litt her og der for å vere fine i vårsola. Også trea treng ein liten omgang med saks og sag for å ta seg bra ut.

Jostein Dalen frå 12TRE og Laurids Bartling frå Stad kommune er i sving med ryddesag i sentrum.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Laurids Bartling frå Stad kommune og Jostein Dalen frå 12TRE var i dag i full sving med beskjering av tre på Nordfjordeid.

Utanfor Fjordabladet er det ein hestekastanje som er veldig skeiv og som må rettast litt på, for å få den litt penare og meir symmetrisk.

‒ Vi har teke vekk ei lønn i gata og beskore ei ask, no driv vi på med litt ungtrebeskjering, fortel Dalen. Han kjem Liabygda i Stranda og er innleigd for å hjelpe til med å gjere Nordfjordeid pent.

‒ Er det rett tid å beskjere busker på no?

‒ Det går greitt med mange treslag, men nokre treslag blør, til dømes bjørk. Dei er det best å beskjere midt på sommaren eller midt på vinteren, ifølgje Dalen.