Meiningar

Sp og Ap sviktar pensjonistane igjen!

Politikarane er flinke til å komme med lovnader, men ofte gjev dei med den eine handa og tek igjen minst like mykje med andre handa. Så også i dette tilfelle.

Åge Starheim meiner at Senterpartiet og Arbeidarpartiet sviktar pensjonistane.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Måndag 26. april behandla Stortinget sak der dei skulle bestemme kva pensjon pensjonistane skulle få i år.

Pensjonistforbundet hadde sendt ut signal til landets pensjonister at i år skulle pensjonistane få eit godt tillegg.

Då Stortinget behandla denne saka foreslo SV og Frp at regjeringa skulle følgje ein bereikningsmetode for regulering av pensjonar i 2021 og kompensasjon for 2020 basert på faktiske tal frå Det tekniske beregningsutval for inntektsoppgjer (TBU) og ikkje basert på gamle anslag.

Desverre sytte Senterpartiet og Arbeidarpartiet for at pensjonistane må sjå langt etter det gode «lønnsoppgjeret» i år, ved at desse to partia røysta saman med regjeringspartia, og dermed vart årets tillegg langt under det som var forventa.

SV og Frp sitt forslag var i tråd med Pensjonistforbundet sitt syn på kor mykje auken i årets pensjon skulle vere. Desverre fekk SV og Frp sitt forslag støtte berre frå desse to partia samt Rødt, MDG og Uavhengig representant.

SV og Frp fekk for kort tid sidan SP og AP til å røyste for at pensjonistane i framtida skulle få ein anstendig pensjon. Dette var svært gledeleg. Gleda varte desverre ikkje lenge. No syter SP og AP for at Høgre, Krf og V får viljen sin med å gje pensjonistane dårlegare pensjon i år enn det som fleirtalet på Stortinget har vedteke tidlegare.