Saknar du fuglen din?

Ein fugl som liknar ein dvergpapegøye er observert på Skårhaug og på Magnifikk dei siste to dagane . – Eg er redd kalde netter og andre store fuglar kan vere ein trussel for den, så den burde kome seg tilbake til rette heim, seier Vibecke Engeland Løkling.

Ein fugl med fargar i grønt, raudt, oransje og kvit ring rundt auga dukka opp på terrassen til Vibecke Engeland Løkling for to dagar sidan. Ho håpar no at fuglen kan finne eigaren sin igjen.   Foto: privat

Nyhende

For to dagar sidan dukka ein fugl med fine klare fargar i grønt, raudt, oransje og kvit ring rundt auga, opp på terrassen til Vibecke Engeland Løkling på Skårhaug på Nordfjordeid. Ho rakk akkurat å ta eit bilde av fuglen, før den flaug sin veg igjen.

– Det liknar ein dvergpapegøye, fortel Vibecke som dei siste dagane har prøvd å finne ut kven som eig fuglen, som verkar velstelt ut og ikkje skadd.

– Eg har delt på Facebook, og kontakta dyrebutikken. Det er ingen som kjenner til den, seier ho.

Torsdag ettermiddag då ho sat ute på Magnifikk kom fuglen igjen, og sette seg på rekkverket.

– Det er utruleg at eg skulle få sjå den to gongar. Den held truleg til i sentrum, seier Vibecke som håpar at eigaren skal melde seg.

– Eg er redd kalde netter og andre store fuglar kan vere ein trussel for den, så den burde kome seg tilbake til rette heim.