Har sendt brev om Okla-fundamentering

Stad-ordførar Alfred Bjørlo har i dag sendt brev til NVE vedkomande endring av fundamenteringsløysing for Okla vindkraftverk der han ber om snarleg  svar på spørsmål frå Stad kommune.

Formannskapet bad i går ordføraren om å sende brev til NVE for å få svar på spørsmål kring endra fundamentering. Det har han no gjort. Foto: Anna Wuttudal 

Nyhende

Formannskapet ber om svar frå NVE

Eit samla Stad formannskap ber ordførar Alfred Bjørlo om å sende oppfølgande brev til NVE om at Stad kommune ønskjer svar på  brevet som ordføraren sende til NVE vedkomande løyve til endra fundamentering i Okla vindkraftverk. Politikarane ber om svar frå NVE før møte i Stad kommunestyre 6/5. Framlegget kom frå gruppeleiar i Stad Sp, Paul Jacob Helgesen.


Ordføraren syner til brev sendt til NVE frå Stad kommune v/ ordførar 16. april i samband med pågåande sak om søknad frå Falck Renewables om godkjenning av endra turbinfundament for Okla Vindkraftverk.