Ganske godt verna etter første Pfizer/Moderna-vaksinedose

Intervallet mellom første og andre vaksinedose blir forlengt. FHI har data som viser at mRNA-vaksinane gir over 80 prosent vern etter første dose.

- Vi føler oss ganske sikre på å forlengje intervallet mellom vaksinedosane frå seks til tolv veker for alle aldersgrupper under 65 år utan underliggjande sjukdommar, seier smitteverndirektør Geir Bukholm Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK 

Nyhende

– Vi har sett at ny informasjon og data viser at mRNA-vaksinane gir over 80 prosent vern etter første dose. Vi føler oss ganske sikre på å forlengje intervallet mellom vaksinedosane frå seks til tolv veker for alle aldersgrupper under 65 år utan underliggjande sjukdommar, seier smitteverndirektør Geir Bukholm til NTB.