Hans Christian Hansen:

Fryktar alvorleg miljøskade

– Trass i at Bisfenol A er eit giftstoff som fører til uboteleg skade i naturen, så har bruken av stoffet auka. Mykje av auken skuldast epoxy-forbindelsar i rotorblad i vindkraftverk.

Ansvar: Hans Christian Hansen, leiar i Stad Landskap, fryktar for alvorleg miljøskade frå utslepp av miljøgifter frå vindkraftanlegg på Stadlandet og andre vindparkar i landet. Foto: Privat 

Nyhende

Det seier Hans Christian Hansen, leiar i Stad Landskap, som stiller spørsmål til fleire statlege etatar om kven det er som har det overordna ansvar for å følgje opp framtidig ureining i nedfallsfelta knytt til Okla Vindkraft.