Flagget som vaiar i vinden

«I dag står flaggstangen naken» heiter det i eit Nordahl Grieg-dikt. Kor flink er du til å heise flagget gjennom året? I 2021 har vi 16 offentlege flaggdagar og mai er flaggmånden framfor nokon med fire flaggdagar.

FLAGGDAGAR: Her i landet kan vi i utgangspunktet heise flagget kva dag vi vil.  Foto: Ørn E. Borgen / NTB / NPK

Nyhende

Her i landet kan vi i utgangspunktet heise flagget kva dag vi vil, i tillegg til dei nasjonale flaggdagane. Det er vanleg å flagge på bursdag, konfirmasjon, bryllaup, dåp eller på ein stor fest. Alle statsbygg er pålagde å flagge på offisielle flaggdagar. Desse eigedommane skal flagge med Noregs statsflagg med splitt og tunge. Private skal bruke handelsflagget /nasjonalflagget.