Etterlyste betre informasjon på økonomi

– Eg skal ikkje vere for kritisk. Dette er ein god rapport. Det eg stiller spørsmål ved er informasjonsflyten om den økonomiske situasjonen til utvalet.

Gunvald Ludvigsen (V) meinte utvalet burde fått betre og meir løpande oppdatering på den økonomiske situasjonen i helse- og omsorgssektore sektoren. 

Nyhende

Det sa Gunvald Ludvigsen (V) då Helse- og omsorgsutvalet handsama Stad kommune sin årsrapport. Ludvigsen viste blant anna til at eit mindreforbruk i helse- og omsorgssektoren på 13,5 millionar kroner sett i forhold til revidert budsjett i juni 2020, og ein auke i brukarbetaling på 11,8 prosent, eller eit positivt avvik på 2.638.000 kroner.