Den første årsmeldinga for Vestland er klar

Den første årsmeldinga for Vestland fylkeskommune syner blant anna eit godt økonomisk resultat, og korleis vi i 2020 jobba for å oppfylle visjonen nyskapande og berekraftig. Årsmeldinga skal leggjast fram for fylkestinget i juni.

FØRSTE ÅRSMELDING: Fylkesordførarkjeda prydar framsida av Årsmelding 2020 og har også fått ei dobbelside inni sjølve meldinga, der vi presenterer alle dei 16 motiva på kjeda.  Foto: Vestland

Nyhende

Tenestene til fylkeskommunen vart som alt anna råka av koronapandemien i 2020. Over 20 000 elevar gjekk frå undervisning i klasserom til digital og tilpassa undervisning, og både i kollektivtrafikken og på tannklinikkane måtte drifta tilpassast. Det vart store endringar i både arbeidsmåtar og samarbeidsformer.