Bergen hamn har bygd ferdig landstraum, men veit ikkje når cruiseskipa kjem

Bergen hamn har bygd ut landstraum til cruiseskip og fått støtte på 50 millionar frå Enova. No veit dei ikkje om det kjem nokon cruiseskip i år.

Bergen hamn veit ikkje når cruiseskipa igjen kjem til hamna deira, der det no er bygd ut landstraum. Dette bildet med cruiseskip og supplybåt i hamna, er frå 2018. Arkivfoto: Marit Hommedal / NTB / NPK 

Nyhende

Onsdag var utbygginga av landstraum for cruiseskip på Bergen hamn klar. Enova har støtta prosjektet med 50 millionar kroner, skriv Skipsrevyen.