Benas Gedvilas med separatutstilling i Gamlebanken

–Eg vil for alltid halde på med kunstmåling

Mange hugsar den talentfulle unge Benas Gedvilas som fleire gonger markerte seg i UKM. No har han teke kunstutdanning og opna si eiga separatutstilling på Nordfjordeid.

Benas likar at det er energi og sterke fargar i bilda han lagar. – Det er også desse fargane som gjev meg energi til å måle undervegs i arbeidet med bildet, seier den unge kunstnaren som for tida jobbar i Nomil og målar på fritida. 

Nyhende

Benas Gedvilas (27) flytte saman med familien på fire frå Litauen til Hjelmelandsdalen då han var 14 år. Då han var 20 år reiste han tilbake til sitt første heimland for å satse på kunsten. Våren 2020 avslutta han fire år med kunstutdanning på Vilnius Academy of Art.