Trafikkfarleg rundt sentrumsskulane

– No må noko gjerast

-Trafikksituasjonen rundt skulane er etter FAU si meining så farleg at vi ikkje kan sitte og vente lenger, fastslår Kurt Hammerø, FAU-leiar ved Nordfjordeid skule.

TRAFIKKFARLEG: Rektor Anne-Grete Eikås ved Nordfjordeid skule, rektor Norunn Kjøsnes ved Eid ungdomsskule, FAU-leiar Ann Katrin Ervik ved ungdomsskule og FAU-leiar Kurt Hammerås ved barneskulen fryktar at det skal skje trafikkulykker der barn er involvert.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Det er berre eit spørsmål om når, og ikkje om, det vil oppstå ein ny trafikkulykke der barn er involvert.

Nyhende

Hammerø, FAU-leiar Ann Katrin Ervik ved Eid ungdoms-skule, rektor Anne-Grete Eikås ved Nordfjordeid skule og rektor Norunn Kjøsnes ved Eid ungdomsskule er samstemte i at dagens situasjon er uakseptabel.