‒ Har sjølv budd på hybel

Venstrepolitikar Helle Frogner(V) og dei andre i Stad formannskap ønskjer tiltak som sikrar trivsel og tryggleik for unge som bur på hybel på Eid. Til høgre, leiar i Utval for oppvekst og opplæring, Knut Tore Nes Hjelle. Foto: Anna Wuttudal 

Nyhende

Foreldre frå Selje sender gjerne ungdommane sine innover til Nordfjordeid eller andre plassar for å gå på vidaregåande skular. Formannskapsmedlem Helle Frogner (V) er oppteken av at Eid er vertskommune for mange unge hybelbuarar mellom 15 og 18 år. Ho fekk formannskapet med på at ein i Kommunedelplan for oppvekst - framlegg til planprogram skal ta med ei formulering om at ein skal syte for kunnskapsgrunnlag og tiltak som sikrar trivsel og tryggleik for unge som bur på hybel på Eid. Dette med utgangspunkt i det politiet tidlegare tok opp om at det er eit utfordrande ungdomsmiljø på Eid.

– Eg støttar det som går på hybel. Eg har sjølv budd på hybel og har gøymt ting når mor mi kom på besøk, røpa gruppeleiar i Stad Sp, Paul Jacob Helgesen, som sjølv opphavleg er frå Selje.