Magnifikk med nyopning

No satsar dei stort

Etter fleire veker med oppussing og fornying, opna torsdag Magnifikk dørene igjen. No satsar dei som kafe, restaurant og sjølvsagt som utestad.

SATSAR: Øyvind Bjørlo, eigar av Magnifikk og Bankkjellaren, satsar no for fullt. Magnifikk går frå å vere berre ein utestad til å bli kafe, restaurant og utestad – heile året.   Foto: olin maria yri

Nyhende

– Vi har brukt dei siste to til tre åra på å planlegge drifta og prøvd ut ulike ting for å finne ut kva som fungerer og kva som ikkje fungerer. I fjor hadde vi kafédrift på sommarstid, men no er det på tide å køyre på med heilårsdrift med kafé og restaurant. Det kjem sjølvsagt litt an på folk vi har tilgjengeleg og omsetnad, men vi er veldig gira og gler oss til å kome i gong, seier Øyvind Bjørlo, eigar av Magnifikk og Bankkjellaren, då Fjordabladet tar turen innom Magnifikk like før nyopninga torsdag.