No er Lagerutsalget historie – Sundehjørnet er opna

Lagerutsalget er historie, og onsdag opna Reidun Sunde dørene i nye Sundehjørnet.

OPNING: Sundehjørnet opna dørene onsdag, og det var mange som tok turen for å få sjå på lama og geit og sjølvsagt få med seg opninga.  Foto: olin maria yri

Nyhende

Onsdag føremiddag opna Reidun Sunde dørene i nye Sundehjørnet, tidlegare Lagerutsalget. Den siste tida har lokalet vore under oppussing og ombygging, men onsdag var det altså klart for nyopning av butikken, som har vore ein viktig del av handelshistoria på Nordfjordeid i mange år. Dette med nye skilt på plass, litt færre kvadratmeter, ommøblering og måling inne i lokalet.