Bruk av steinmassar frå skipstunnelen

Løfta Berstad fram i saka

Stad kommune har kome eit lite steg vidare når det gjeld kva dei ønskjer når det gjeld bruk av steinmassane frå Stad skipstunnel.

Gunnar Silden (V) kom med tilleggsframlegg frå Venstre og Ap om mulig bruk av tunnelmassar i privat eigd område på Berstad rett ved tunnelmunningen på sørsida  Foto: Privat skisse

Nyhende

Neste år på denne tid er arbeidet med Stad skipstunnel i gang. Det ligg an til oppstart 1. april 2022, og i oktober-november 2022 startar uttransportering av steinmasse, som i første omgang blir brukt til å få på plass riggområde. Det skal også etablerast moloar på begge sider av riggområdet. Uttransportering av masse held fram til 1. juli 2023, så dette skjer i løpet av eit relativt kort tidsvindu der det blir stor aktivitet i løpet av kort tidsrom. Det hastar med å bestemme kva som skal realiserast frå det offentlege si side, og frå administrasjonen si side var det utarbeidd eit diskusjonsnotat og ei tilråding om fire område.