Formannskapet ber om svar frå NVE

Eit samla Stad formannskap ber ordførar Alfred Bjørlo om å sende oppfølgande brev til NVE om at Stad kommune ønskjer svar på  brevet som ordføraren sende til NVE vedkomande løyve til endra fundamentering i Okla vindkraftverk. Politikarane ber om svar frå NVE før møte i Stad kommunestyre 6/5. Framlegget kom frå gruppeleiar i Stad Sp, Paul Jacob Helgesen.

‒ Vi skal syte for at ting blir riktig gjort, at ein tek så mykje omsyn som ein kan, påpeika formannskapsmedlem Paul Jacob Helgesen(Sp). Han deltok på formannskapsmøtet via skjerm. I midten ordførar Alfred Bjørlo (V   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Ordførar Alfred Bjørlo(V) forklarte i formannskapet i dag at det kom brev rett før påske frå NVE der dei orienterte om at dei hadde godkjent endra turbinfundament for Okla Vindkraftverk frå forankring på fjell til gravitasjonsfundament. Han valde då som ordførar å sende inn det han karakteriserer som ei bekymringsmelding til NVE.