Etter mange utsettingar og kraftig kostnadsauke kan bebuarane i Fossevegen bufellesskap no flytte «heim»

Etter å ha halde til på Eid sjukeheim medan Fossevegen Bufellesskap, tidlegare Eid Eldretun, vart ombygd og rusta opp er det no klart for tilbakeflytting av bebuarane.

Synfaring: Helse- og omsorgsutvalet i Stad kommune hadde onsdag synfaring i Fossevegen bufellesskap. Torfinn Myklebust (nr. 4 frå venstre), tidlegare prosjektleiar, hadde ein grundig gjennomgang av prosjektet for medlemmane i Helse- og omsorgsutvalet. Vidare frå venstre: Gunvald Ludvigsen (V), Anders Kjøllesdal (SP), kommunalsjef Barbro Longva, Torfinn Myklebust, Bent-Inge Borgund (SV), Ida Elisabeth Lien (Sp), Webjørn Moa (V), nestleiar i utvalet Judit Kvåle (Ap) og utvalsleiar Marilyn Osmundsvåg (V). Alle foto: Tormod Flatebø 

Nyhende

Onsdag denne veka hadde Helse- og omsorgsutvalet i Stad kommune synfaring etter ombygginga av kjellaretasjen og opprustinga av dei vel 20 kvadratmeter store romma som bebuarane fekk flytte inn i på torsdag. Innflyttinga vart gjennomført torsdag og det kan du lese meir om i avisa komande tysdag.