Analyserte 193 prøver - ei er positiv

Helse Førde melder om ei ny positiv prøve. Så langt denne veka har fem av dei 681 analyserte prøvene vore positive.

Torsdag morgon er det klart at ei av dei 193 prøvene som Helse Førde analyserte onsdag er positive.   Foto: ILL.FOTO

Nyhende

Helse Førde analyserte onsdag 193 koronaprøver og ei av desse skal vere positiv. Dette kjem fram i dei oppdaterte tala til helseføretaket torsdag morgon. Den positive prøva skal vere tatt i Sogndal.

Helse Førde gjer ein derimot alltid merksam på at kommunen for prøvetaking er ikkje alltid kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Fem positive denne veka

Så langt denne veka har fem av dei 681 analyserte prøvene vore positive. I tillegg til den positive prøva onsdag, som skal vere tatt i Sogndal, var tre av dei 306 analyserte prøvene tysdag positive. Desse vart tatt i Stad, Bremanger og Kinn. Måndag var ei prøve frå Sunnfjord positiv.

I løpet av dei siste åtte prøvetakingsdagane, mellom onsdag 21. april og onsdag 28. april, har Helse Førde analysert 1862 koronaprøver. Av desse 1862 analyserte prøvene har 19 vore positive. Dagen med flest positive prøver i løpet av desse dagane er laurdag 24. april med fem positive.

Onsdag 21. april: 4 nye av 243 analyserte prøver

Torsdag 22. april: 2 nye av 331 analyserte prøver

Fredag 23. april: 2 nye av 243 analyserte prøver

Laurdag 24. april: 5 nye av 217 analyserte prøver

Søndag 25. april: 1 ny av 147 analyserte prøver

Måndag 26. april: 1 ny av 182 analyserte prøver

Tysdag 27. april: 3 nye av 306 analyserte prøver

Onsdag 28. april: 1 ny av 193 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde kan sjølv bestemme kvar dei sender koronaprøver som er tatt, og difor kan prøver bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse prøvene er ikkje med i Helse Førde sine tal, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde.

To pasientar med korona

Ifølgje Helse Førde sine tal er to pasientar med stadfesta covid-19 smitte innlagde på sjukehus i Helse Førde. Onsdag vart det klart at ein ung person mellom 0 og 17 år med stadfesta covid-19 er innlagd på Førde sentralsjukehus. Ifølgje avisa Firda vart den unge personen innlagd tysdag 28. april.


Person under 18 år er innlagd med korona

Ein ung person med stadfesta covid-19 er innlagd på sjukehus i Helse Førde.


Ingen av dei to pasientane er innlagde på intensivavdeling.

Tilsette i Helse Førde

Torsdag morgon var det 13 av rundt 3000 tilsette i Helse Førde som var heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona.

Talet på tilsette i helseføretaket som har hatt stadfesta covid-19 er åtte.