Tre positive prøver

Onsdag morgon viser tala til Helse Førde at tre av 306 analyserte prøver er positive. Så langt denne veka har fire prøver vore positive.

Helse Førde melder om tre nye positive prøver.   Foto: tormod flatebø

Nyhende

Tysdag analyserte Helse Førde 306 koronaprøver og tre av desse er positive. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal onsdag morgon. Dei tre positive prøvene skal vere tatt i Stad, Bremanger og Kinn. Helse Førde gjer ein merksam på at kommunen for prøvetaking er ikkje alltid kommunen som pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Tysdag kveld vart det klart at ein person i Stad er sett i isolasjon etter å ha stadfesta covid-19 smitte. Denne personen som no er smitta har vore i karantene etter å ha hatt nærkontakt med ein smitta person frå Ålesund.

Når det gjeld personen frå Kinn, skal dette vere snakk om Raudeberg også denne personen har vore i karantene. Det har også vedkomande frå Bremanger, ifølgje Fjordenes Tidende.



20 positive

Ifølgje Helse Førde sine tal har det i løpet av dei siste åtte prøvetakingsdagane, mellom tysdag 20. april og tysdag 27. april, blitt analysert 1923 prøver. Av desse 1923 analyserte prøvene har 20 vore positive. Dagen med flest positive prøver i denne perioden er laurdag 24. april med fem positive. Søndag 25. april og måndag 26. april er dagane med færrast positive prøver med ei positiv prøve begge dagane.

Tysdag 20. april: 2 nye av 254 analyserte prøver

Onsdag 21. april: 4 nye av 243 analyserte prøver

Torsdag 22. april: 2 nye av 331 analyserte prøver

Fredag 23. april: 2 nye av 243 analyserte prøver

Laurdag 24. april: 5 nye av 217 analyserte prøver

Søndag 25. april: 1 ny av 147 analyserte prøver

Måndag 26. april: 1 ny av 182 analyserte prøver

Tysdag 27. april: 3 nye av 306 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde kan sjølv bestemme kvar dei sender koronaprøver som er tatt, og difor kan prøver bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse prøvene er ikkje med i Helse Førde sine tal, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde.

Andre tal

Tala til Helse Førde viser at det onsdag er ein pasient med stadfesta covid-19 smitte innlagd på sjukehus i Helse Førde.

Onsdag morgon var elleve av rundt 3000 tilsette i Helse Førde heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Talet på tilsette i helseføretaket som har hatt stadfesta covid-19 er åtte.