Meiningsmåling

Sp viser dei andre partia vintervegen i Sogn og Fjordane

Ei omfattande meiningsmåling in regi av NRK viser det andre målingar har vist tidlegare: SP er no uslåeleg i distrikta og særleg i Sogn og Fjordane med landets beste måling på 38.8 %.

Stabilt høgt: Fire månader før stortingsvalet den 13. september er det politiske biletet i vår valkrins påfallande stabilt. På toppen tronar Sp og Erling Sande struttande av sjølvtillit, nesten dobbelt så stort som AP, og med Høgre langt bak. Arkivfoto: Tormod Flatebø 

For Venstre og eidaren Alfred Bjørlo, må oppslutninga om partiet vere reine marerittet

Nyhende

Fire månader før stortingsvalet i september er det politiske biletet i vår valkrins påfallande stabilt. På toppen tronar Sp struttande av sjølvtillit, nesten dobbelt så store som AP, og med Høgre langt bak. Situasjonen er såleis den same som den har vore ei god stund. Venstre med eidaren Alfred Bjørlo på topp, får nesten ikkje stemmer, berre 1,6 %. Stort betre går det ikkje for eidaren Sveinung Rotevatn i Hordaland.