VG: fire nye er registrert smitta

Ifølgje VG er fire nye personar i eller frå Stad registrert stadfesta covid-19 smitta. Kommuneoverlegen seier at ingen som oppheld seg i Stad har testa positivt den siste tida.

Ifølgje VG er fire nye personar i eller frå Stad registrert smitta av covid-19. Ifølgje kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld er dette personar som bur andre stadar, men som vert registrert på Stad kommune fordi personane har folkeregistrert adresse i kommunen.  Foto: olin maria yri/ILL.FOTO

Nyhende

Ifølgje VG sine oppdaterte tal vart fire nye personar i eller frå Stad registrert smitta av covid-19 i går, søndag 25. april. Fjordabladet har vore i kontakt med kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld som seier at det er ingen som oppheld seg i Stad kommune som har testa positivt den siste tida.

– Dette er då tilfelle som er påvist andre plassar i landet, men som vert registrert på Stad kommune fordi personane har folkeregistrert adresse i kommunen.

Ifølgje VG sine tal er det to totalt 158 personar i eller frå Stad som har vore registrert smitta av covid-19 sidan i fjor vår.