Seks nye positive prøver i helga

Laurdag og søndag var det seks nye positive prøver etter at Helse Førde analyserte 364 prøver.

I løpet av dei siste åtte dagane har 18 av 1584 analyserte prøver vore positive, viser tala til Helse Førde.   Foto: ILL.FOTO

Nyhende

Søndag analyserte Helse Førde 147 prøver og ei av desse prøvene var positive. Denne positive prøva skal vere tatt i Sunnfjord. Dette er den sjette positive prøva denne helga. Laurdag analyserte Helse Førde 217 prøver og fem av desse var positive. Desse skal ha blitt tatt i Kinn og Sunnfjord.

Helse Førde gjer ein alltid merksam på at kommunen for prøvetaking er ikkje alltid kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

18 positive

I løpet av dei åtte siste prøvetakingsdagane, mellom søndag 18. april og søndag 25. april, har Helse Førde analysert 1584 prøver. Av desse analyserte prøvene har 18 vore positive. Dagen med flest positive prøver denne perioden er laurdag 24. april med fem positive prøver. Søndag 18. april er einaste dagen med negative prøver i løpet av desse dagane.

Søndag 18. april: 0 nye av 22 analyserte prøver

Måndag 19. april: 2 nye av 127 analyserte prøver

Tysdag 20. april: 2 nye av 254 analyserte prøver

Onsdag 21. april: 4 nye av 243 analyserte prøver

Torsdag 22. april: 2 nye av 331 analyserte prøver

Fredag 23. april: 2 nye av 243 analyserte prøver

Laurdag 24. april: 5 nye av 217 analyserte prøver

Søndag 25. april: 1 ny av 147 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde kan sjølv bestemme kvar dei sender koronaprøver som er tatt, og difor kan prøver bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse prøvene er ikkje med i Helse Førde sine tal, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde.

Ein koronapasient

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal måndag morgon er ein pasient med stadfesta covid-19 smitte innlagd på sjukehus i Helse Førde. I går viste Helse Førde sine tal at ingen pasientar med stadfesta covid-19 var innlagd på sjukehus i helseføretaket.

I Helse Førde

Måndag morgon var det ti av rundt 3000 tilsette i Helse Førde som var heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona.

Helse Førde sine tal viser at det er framleis sju tilsette i helseføretaket som har hatt stadfesta covid-19 smitte, men onsdag 21. april fekk ein tilsett i psykisk helsevern for barn og unge i Helse Førde stadfesta covid-19 smitte. Dette smittetilfelle er ein del av eit utbrot i Sunnfjord kommune. Personen i Helse Førde som har fått stadfesta covid-19 sist veke er ikkje med i dei sju tilsette som har hatt stadfesta smitte.


Tilsett i Helse Førde er koronasmitta

Ein tilsett i psykisk helsevern for barn og unge i Helse Førde fekk onsdag påvist koronasmitte.