SV landsmøte

Ferdig med landsmøte og Hege er klar for valkamp

Søndag vart SV sitt landsmøte avslutta. Stortingskandidat for SV i Sogn og Fjordane, Hege Lothe, er nøgd med resultatet og gler seg til ein valkamp der det å redusere forskjellar og utslepp blir dei viktigaste sakene. 

Hege Lothe er svært fornøgd etter landsmøte i SV. No gjer ho seg klar for valkamp.  Foto: PRESSEFOTO

Nyhende

– Eg er stolt av vedtaka på landsmøtet. SV vil ha gratis SFO for alle barn, ei tannhelsereform som gjer at alle skal ha råd til å smile, og ikkje minst eit rettferdig grønt skifte der vi gjer oss klar for ei meir klimavenleg framtid, seier Hege Lothe i ei pressemelding. Ho er også leiar i Vestland SV.