Har starta årets russefeiring

Russen ved Eid vidaregåande skule har kledd seg i russedressane og er i full gong med årets russefeiring, som også denne gong vert alternativ. – Det vert så kjekt ein gjer det til sjølv, seier russen.

RUSSEFEIRING: Christine Lothe Fjugstad (t.v.), Sara Silden (t.h.) og Ina Kristin Sørland Breidablik, visepresident ved Eid vidaregåande skule, har gledd seg til å vere russ sidan dei var små. No er dei glade for at dei kan ha ei alternativ feiring.   Foto: olin maria yri

Nyhende

Å feire russetida er noko avgangselevane ved Eid vidaregåande skule gjerne gler seg til i lang tid, mange gler seg i fleire år. Å endeleg få kle seg i russedressane, køyre sin første offisielle køyretur i russebilane, dele ut russekort og sjølvsagt ha russedåp er noko russen gler seg til i lang tid i førevegen. Slik vart det ikkje i fjor. Då måtte eidarussen markere starten på russetida kvar for seg med ein alternativ og digital russedåp der russenamna vart presenterte. Elevane sat på heimeskule, det var krav om to meter avstand og maksimalt fem personar saman, som dei måtte halde seg til.