Fire nye positive prøver

Torsdag morgon er det klart at fire av prøvene som Helse Førde analyserte onsdag er positive.
Nyhende

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal torsdag morgon vart 243 prøver analysert onsdag og fire av desse er positive. Dei fire positive prøvene skal vere tatt i Kinn og Sunnfjord. Ifølgje VG sine oppdaterte tal kjem to av dei fire frå Kinn.

Så langt denne veka er det åtte positive prøver. Måndag var to av dei 127 analyserte prøvene positive. Desse vart tatt i Stad, men kjem frå personar i Kinn som har testa seg på teststasjonen på Nordfjordeid. Tysdag var det også to nye positive. Desse skal ha vore tatt i Kinn og Sunnfjord.


Personar frå Kinn testa seg på Nordfjordeid

To personar i Kinn som testa seg på Nordfjordeid søndag har testa positivt for covid-19.


Helse Førde gjer ein merksam på at kommunen for prøvetaking er ikkje alltid kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

15 positive

I løpet av dei åtte siste dagane, mellom onsdag 14. april og onsdag 21. april, har Helse Førde analysert 1385 koronaprøver. Av desse har 15 av dei vore positive.

Onsdag 14. april: 0 nye av 222 analyserte prøver

Torsdag 15. april: 5 nye av 250 analyserte prøver

Fredag 16. april: 2 nye av 168 analyserte prøver

Laurdag 17. april: 0 nye av 99 analyserte prøver

Søndag 18. april: 0 nye av 22 analyserte prøver

Måndag 19. april: 2 nye av 127 analyserte prøver

Tysdag 20. april: 2 nye av 254 analyserte prøver

Onsdag 21. april: 4 nye av 243 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde kan sjølv bestemme kvar dei sender koronaprøver som er tatt, og difor kan prøver bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse prøvene er ikkje med i Helse Førde sine tal, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde.

Ein koronapasient

Ifølgje dei oppdaterte tala til Helse Førde er ein pasient med stadfesta covid-19 innlagd på sjukehus i Helse Førde.

Torsdag morgon var tre av rund 3000 tilsette i Helse Førde heimeverande i karantene eller sjukemelde på grunn av korona. Talet på tilsette i Helse Førde som har hatt stadfesta covid-19 er framleis sju.