To nye positive prøver

Onsdag morgon er det klart at to av dei 254 prøvene som Helse Førde analyserte tysdag er positive.
Nyhende

Tysdag analyserte Helse Førde 254 prøver, kjem det fram i helseføretaket sine oppdaterte tal onsdag morgon. Av dei 254 analyserte prøvene er to av dei positive. Desse skal vere tatt i Kinn og Sunnfjord. Helse Førde gjer ein derimot merksam på at kommunen for prøvetaking er ikkje alltid den kommunen pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Dette betyr at det så langt er fire positive prøver denne veka. Måndag vart det klart at to av dei 127 analyserte prøvene var positive. Desse var tatt i Stad, men kjem frå personar frå Kinn som har testa seg ved teststasjonen på Nordfjordeid.


Personar frå Kinn testa seg på Nordfjordeid

To personar i Kinn som testa seg på Nordfjordeid søndag har testa positivt for covid-19.


Siste åtte dagane

I løpet av dei siste åtte dagane, mellom tysdag 13. april og tysdag 20. april, har 13 av dei 1378 analyserte prøvene vore positive. Torsdag 15. april var fem av dei 250 analyserte prøvene positive. Dette er det høgste talet når det gjeld prøvesvar i løpet av denne perioden. I løpet av desse åtte dagane har tre av dagane vore dagar utan positive prøver.

Tysdag 13. april: 2 nye av 236 analyserte prøver

Onsdag 14. april: 0 nye av 222 analyserte prøver

Torsdag 15. april: 5 nye av 250 analyserte prøver

Fredag 16. april: 2 nye av 168 analyserte prøver

Laurdag 17. april: 0 nye av 99 analyserte prøver

Søndag 18. april: 0 nye av 22 analyserte prøver

Måndag 19. april: 2 nye av 127 analyserte prøver

Tysdag 20. april: 2 nye av 254 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde kan sjølv bestemme kvar dei sender koronaprøver som er tatt, og difor kan prøver bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse prøvene er ikkje med i Helse Førde sine tal, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde.

Ein koronapasient

Ifølgje Helse Førde er ein pasient med stadfesta covid-19 smitte innlagd på sjukehus i Helse Førde. I går vart det klart at ein pasient med stadfesta covid-19 var innlagd.

Onsdag morgon var det fem av rundt 3000 tilsette i Helse Førde som var heimeverande i karantene eller sjukemelde på grunn av korona. Talet på tilsette i Helse Førde som har hatt stadfesta covid-19 er framleis sju og er ikkje endra.