Meiningar

-Kjempestor takk til brannkorpset i Stad kommune

Rune Haugland og resten av brannkorpset får stor takk for den snarrådige slokkinga på Myrold tysdag, då eit bål kom ut av kontroll. 

Nyhende

Dei kom som nokre reddande englar, då eg følte meg som ein kjempe idiot, etter å ha satt fyr på eit bål, som kom ut av kontroll.

Hadde ikkje dei komt så fort, veit ein ikkje ka som hadde skjedd.

Frå eg ringde 110 til dei hadde avslutta oppdraget gikk det litt over ein time. Då hadde dei mottatt melding, organisert seg i brannbilane, køyrt til åstaden, rulla ut ca 200 meter med slange, sløkt brannen, dreve ettersløkking og pakka bilen igjen.

Dette var eit imponerande skue og all ære til brannkorpeset i Stad kommune, at dette gjekk bra.

Dette viser kor viktig det er at ein har eit velfungerande brannkorps ute i distrikta, med relativ korte avstander til der folk bur. Håper ikkje denne tjenesta blir ramma av budsjettkutt, slik ein ser andre stadar i landet.

Helsing ein takknemleg, audmjuk, flau og angrande eksbålbrennar"