To positive prøver

To av dei 127 prøvene som Helse Førde analyserte måndag er positive. Desse skal vere tatt i Stad.

Helse Førde melder om to nye positive prøver.   Foto: tormod flatebø

Nyhende

Måndag analyserte Helse Førde 127 prøver og to av desse er positive. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal tysdag morgon. Dei to positive prøvene skal vere tatt i Stad.

15 elevar i karantene

Måndag kveld vart det klart at ein danseelev i kulturskulen i Stad, busett i Kinn, har fått stadfesta covid-19 etter at ein husstandsmedlem fekk stadfesta covid-19 før helga. Eleven har deltatt på øving saman med 15 andre elevar og to instruktørar ved Stad kulturskule. Desse er no i karantene og vert testa.


Danseelev koronasmitta - 15 elevar og to instruktørar skal testast tysdag

15 danseelevar og instruktørar i Stad kommune blir no definert som nærkontaktar og må teste seg.


Første positive sidan fredag

Dette er første positive prøve sidan fredag 16. april. Då vart 168 prøver analyserte, og to av dei var positive. Både laurdag og søndag var prøvene som Helse Førde analyserte negative.

I løpet av dei siste åtte dagane, mellom måndag 12. april og måndag 19. april, har Helse Førde analysert 1221 prøver. Av desse analyserte prøvene har tolv av dei vore positive. Torsdag 15. april er dagen med flest positive prøver i denne perioden med fem positive. Onsdag 14. april, laurdag 17. april og søndag 18. april har vore dagar utan positive prøver.

Måndag 12. april: 1 ny av 97 analyserte prøver

Tysdag 13. april: 2 nye av 236 analyserte prøver

Onsdag 14. april: 0 nye av 222 analyserte prøver

Torsdag 15. april: 5 nye av 250 analyserte prøver

Fredag 16. april: 2 nye av 168 analyserte prøver

Laurdag 17. april: 0 nye av 99 analyserte prøver

Søndag 18. april: 0 nye av 22 analyserte prøver

Måndag 19. april: 2 nye av 127 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde kan sjølv bestemme kvar dei sender koronaprøver som er tatt, og difor kan prøver bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse prøvene er ikkje med i Helse Førde sine tal, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde.

Ein koronapasient

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal er no ein pasient med stadfesta covid-19 smitte innlagd på sjukehus i Helse Førde. I går var det ingen innlagde pasientar med covid-19 på sjukehus i Helse Førde.

Tysdag morgon var ein av rundt 3000 tilsette i Helse Førde heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Talet på tilsette som har hatt stadfesta covid-19 er framleis sju.