Analyserte 22 prøver - alle er negative

Helse Førde analyserte 22 prøver søndag og alle desse var negative. Dette er andre dagen på rad med berre negative prøver.

Dei siste åtte dagane har elleve av 1170 analyserte prøver vore positive, viser Helse Førde sine tal.   Foto: ILL.FOTO

Nyhende

Søndag analyserte Helse Førde 22 prøver og ingen av desse var positive. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal måndag morgon. Dette er andre dagen på rad at alle dei analyserte prøvene i Helse Førde er negative. Laurdag vart 99 prøver analyserte, og alle desse var negative.

Sist det vart analysert ei positiv prøve var fredag 16. april. Då analyserte Helse Førde 168 prøver og to av desse var positive.

Elleve positive

I løpet av dei siste åtte dagane, mellom søndag 11. april og søndag 18. april, har Helse Førde analysert 1170 prøver. Av desse analyserte prøvene har elleve av dei vore positive. Torsdag 15. april vart det analysert 250 prøver og fem av desse var positive. Dette er dagen med flest positive prøver i denne perioden. Både onsdag 14. april, laurdag 17. april og søndag 18. april har vore dagar med berre negative prøver i denne perioden.

Søndag 11. april: 1 ny av 76 analyserte prøver

Måndag 12. april: 1 ny av 97 analyserte prøver

Tysdag 13. april: 2 nye av 236 analyserte prøver

Onsdag 14. april: 0 nye av 222 analyserte prøver

Torsdag 15. april: 5 nye av 250 analyserte prøver

Fredag 16. april: 2 nye av 168 analyserte prøver

Laurdag 17. april: 0 nye av 99 analyserte prøver

Søndag 18. april: 0 nye av 22 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde kan sjølv bestemme kvar dei sender koronaprøver som er tatt, og difor kan prøver bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse prøvene er ikkje med i Helse Førde sine tal, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde.

Ingen koronapasientar

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal er det no ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19 smitte på sjukehusa i Helse Førde.

Måndag morgon var ingen av rundt 3000 tilsette i Helse Førde heimeverande eller sjukmelde på grunn av korona. Talet på tilsette som har hatt stadfesta covid-19 er framleis sju.