Endeleg vart det skidag!

Det fleste hadde gjeve opp håpet om skidag dette skuleåret, men denne veka var både snøen og sola på plass. På Tua og i Fladalen var det full aktivitet i går.

Agnes Bjelland Nøstdal (t.v.) og Selma Endal Anderson driv med langrenn som idrett også på fritida, men ein heil dag på påskesnø og sol frå skyfri himmel vart likevel ekstra stas på Tua og i Fladalen denne veka. 

Nyhende

Mange skular i Stad kommune nytta høvet til skidag denne veka. Kanskje eit par månader på overtid for dei fleste, men likevel ein ekstra vellukka dag, med tanke på sol frå skyfri himmel og gnistrande påskeføre.