Arrangerer sykurs i dag

Anne-Malin har sydd nesten heile livet

Anne-Malin Aase (32) lånte bestemora si symaskin allereie før ho kom i skulealder. No samlar ho andre syglade til kurs.

Denne utgåva av vårjakka er laga av eit eldre ullteppe som var i heimen til mora til Anne-Malin Aase. Den syglade læraren som brukar mykje av fritida framfor symaskina.   Foto: Privat

Nyhende

–Bestemora mi hadde alltid symaskina ståande framme. Det var av henne eg først lærte å sy, seier Anne-Malin Aase som i dag vil samle veninner og andre syglade til kurs. Der sying av vårjakker står på programmet.