To nye positive prøver

Helse Førde analyserte 236 prøver tysdag og to av dei var positive. Så langt denne veka har tre av prøvene vore positive, og alle skal vere tatt i Kinn.

I løpet av dei siste åtte dagane har seks av 1770 analyserte prøver vore positive, viser Helse Førde sine tal.   Foto: ILL.FOTO

Nyhende

Tysdag analyserte Helse Førde 236 prøver og to av desse var positive. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal onsdag morgon. Dei to positive prøvene skal begge vere tatt Kinn. Ifølgje Firdaposten skal dette vere to personar som er smitta etter påskebesøk i Oslo.

Tysdag vart det også klart at ei av 97 analyserte prøver var positiv, også denne var tatt i Kinn.

Dette betyr altså at det så langt denne veka er tre positive prøver, alle frå Kinn.

Seks positive

I løpet av dei siste åtte dagane, mellom tysdag 6. april og tysdag 13. april, har Helse Førde analysert 1770 koronaprøver. Av desse analyserte prøvene har seks av dei vore positive. Desse er tatt i Stad, Sogndal, Sunnfjord og Kinn.

Dagen med flest positive prøver i denne perioden er tysdag 13. april med to positive. Både tysdag 6. april, fredag 9. april og laurdag 10. april har vore dagar utan positive prøver.

Tysdag 06. april: 0 nye av 229 analyserte prøver

Onsdag 07. april: 1 ny av 384 analyserte prøver

Torsdag 08. april: 1 ny av 295 analyserte prøver

Fredag 09. april: 0 nye av 223 analyserte prøver

Laurdag 10. april: 0 nye av 230 analyserte prøver

Søndag 11. april: 1 ny av 76 analyserte prøver

Måndag 12. april: 1 ny av 97 analyserte prøver

Tysdag 13. april: 2 nye av 236 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde kan sjølv bestemme kvar dei sender koronaprøver som er tatt, og difor kan prøver bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse prøvene er ikkje med i Helse Førde sine tal, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde.

Ein koronapasient

Ifølgje Helse Førde sine tal er ein pasient med stadfesta covid-19 smitte innlagd på sjukehus i Helse Førde.

Onsdag morgon var fire av rundt 3000 tilsette i Helse Førde heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Talet på tilsette i helseføretaket som har hatt stadfesta covid-19 er framleis sju og uendra.