To bilar involvert i trafikkulukke

To bilar skal vere involvert i ei trafikkulukke på Stårheim ferjekai måndag.

Vest politidistrikt melder om ei trafikkulukke på Stårheim ferjekai måndag.   Foto: arkiv

Nyhende

Vest politidistrikt har fått melding om ei trafikkulukke på Stårheim ferjekai. Det skal vere to bilar involvert i ulukka, og totalt fire personar.

Ein av bilane skal ha køyrt i sida på den andre bilen.

Det skal ikkje vere meldt om personskade.

Politi og ambulanse er på staden.