Analyserte 76 prøver - ei av dei er positiv

Søndag var ei av dei 76 prøvene som Helse Førde analyserte positive. Dette var den fjerde positive prøva mellom måndag 5. april og søndag 11. april

I løpet av dei siste åtte dagane har ti av 1717 analyserte prøver vore positive, viser Helse Førde sine tal.   Foto: ILL.FOTO

Nyhende

Søndag analyserte Helse Førde 76 koronaprøver, og ei av desse var positiv. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal måndag morgon. Den positive prøva skal vere tatt i Sunnfjord.

Helse Førde gjer merksam på at kommunen for prøvetaking er ikkje alltid kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Med ei positiv prøve søndag, var det fire positive prøver sist veke, mellom måndag 5. april til søndag 11. april. I tillegg til den positive prøva i Sunnfjord var det også to positive prøver i Stad og ei i Sogndal.

Siste åtte dagane

I løpet av dei siste åtte dagane, mellom søndag 4. april og søndag 11. april, har Helse Førde analysert 1717 prøver. Av desse analyserte prøvene har ti av dei vore positive. Dagen med flest positive prøver i denne perioden er søndag 4. april med seks positive. Både tysdag 6. april, fredag 9. april og laurdag 10. april har vore dagar utan positive prøver.

Søndag 04. april: 6 nye av 151 analyserte prøver

Måndag 05. april: 1 ny av 129 analyserte prøver

Tysdag 06. april: 0 nye av 229 analyserte prøver

Onsdag 07. april: 1 ny av 384 analyserte prøver

Torsdag 08. april: 1 ny av 295 analyserte prøver

Fredag 09. april: 0 nye av 223 analyserte prøver

Laurdag 10. april: 0 nye av 230 analyserte prøver

Søndag 11. april: 1 ny av 76 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde kan sjølv bestemme kvar dei sender koronaprøver som er tatt, og difor kan prøver bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse prøvene er ikkje med i Helse Førde sine tal, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde.

Ein koronapasient

Ifølgje Helse Førde er ein pasient med stadfesta covid-19 smitte innlagd på sjukehus i Helse Førde.

Måndag morgon var tre av rundt 3000 tilsette i Helse Førde heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona.

Talet på tilsette som har hatt stadfesta covid-19 er framleis sju.