38 meldingar om forstyrring av nattero

Vest politidistrikt fekk natt til søndag inn 38 meldingar om forstyrring av nattero.   Foto: arkiv

Nyhende

Ifølgje Vest politidistrikt har dei natt til søndag fått inn 38 meldingar om forstyrringar av nattero. Desse 38 meldingane kjem hovudsakeleg frå Bergen sentrum. Mellom klokka 23 og 01:30 kom det over 20 meldingar.

Dei fleste av dei 38 meldingane om forstyrring av nattero vart avslutta med munnleg pålegg, men ein fest i Bergen sentrum hadde opp mot 50 deltakarar. Dei tre vertane av festen vart melde for ordensforstyrring.