– Små marginar mellom hell og uhell

Vest politidistrikt minner om at det er framleis stor snøskredfare i Vestland.

Det er stor snøskredfare i Vestland for tida.   Foto: Olin Maria Yri/arkiv

Nyhende

Det er framleis stor snøskredfare og raudt nivå i Vestland, melder Vest politidistrikt på Twitter. Laurdag gjekk det eit snøskred på Myrkdalen, og Vest politidistrikt skriv no at skredet var truleg utløyst av ein skiløpar.

–Han stod att på brotkanten, små marginar mellom hell og uhell. Til obs for folk i fjellet denne solfylte søndagen!

– Og tenk på kvar/korleis du parkerer bilen langs vegen, oppmodar politiet i Vest.


Raudt og gult varsel

Stor snøskredfare - unngå skredterreng

Laurdag og søndag er det raudt varsel og faregrad fire for snøskred i Indre Fjordane. Lokale vegar og fjellovergangar er stengde på grunn av fare for skred og uvêr.