VG: Fire nye personar er registrert smitta

Fire nye personar i eller frå Stad er registrert smitta av covid-19 viser VG sine tal.

Ifølgje VG sine oppdaterte tal er det no totalt 153 personar i Stad som har fått stadfesta covid-19.   Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

Ifølgje VG sine oppdaterte tal er det fire nye personar i eller frå Stad som er registrert stadfesta smitta av covid-19 fredag. Fjordabladet har vore i kontakt med ordførar i Stad kommune Alfred Bjørlo, og han seier at dette er ikkje noko som er kjent for Stad kommune, og kan ha noko med at VG og FHI sine tal plasserer dei smitta etter kvar dei er folkeregistrert. Kommunane tel som regel dei som bur eller er i kommunen.

Over 150 smitta

VG sine tal viser no at totalt 153 personar i Stad har fått stadfesta covid-19. Før utbrotet i Stad i starten av mars var dette talet rundt 30. Stad har no minkande smittetrend, men er merka oransje på kartet. Årsaka til dette er at det er registrert 19 smitta i Stad dei siste to vekene. Per 100.000 innbyggjarar er dette 199,6 personar.

I nærleiken

Av kommunane i nærleiken av Stad er også Ørsta merka oransje på kartet. Ørsta har 23 smitta i løpet av dei siste 14 dagane, noko som per 100.000 innbyggjarar er 212,4.

Volda har to smittetilfelle i løpet av dei to siste vekene.

Gloppen og Kinn har ifølgje VG sine tal ein person registrert smitta av covid-19 i løpet av dei siste 14 dagane.

Stryn og Bremanger har ingen nye smittetilfelle i løpet av dei 14 siste dagane, ifølgje VG.