Status

Alle prøvene er negative - men ein pasient med korona er innlagd

Fredag var alle dei 223 prøvene som Helse Førde analyserte negative. Helse Førde melder også laurdag at ein pasient med stadfesta covid-19 er innlagd på sjukehus.

Dei siste åtte dagane har elleve av dei analyserte prøvene vore positive.   Foto: ILL.FOTO

Nyhende

Fredag analyserte Helse Førde 223 koronaprøver og av desse var alle negative. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal laurdag morgon.

Så langt denne veka har tre prøver vore positive. Både måndag, onsdag og torsdag har det vore ei positiv prøve desse dagane. To av dei positive prøvene kjem frå Stad, og den tredje prøva skal vere tatt i Sogndal.

Åtte siste dagane

I løpet av dei siste åtte dagane, mellom fredag 2. april og fredag 9. april, har Helse Førde analysert 1638. Av desse analyserte prøvene i denne perioden har elleve vore positive. Dagen med flest positive prøver er søndag 4. april med seks positive prøver. Både fredag 2. april, tysdag 6. april og fredag 9. april er dagar med berre negative prøver.

Fredag 02. april: 0 nye av 69 analyserte prøver

Laurdag 03. april: 2 nye av 158 analyserte prøver

Søndag 04. april: 6 nye av 151 analyserte prøver

Måndag 05. april: 1 ny av 129 analyserte prøver

Tysdag 06. april: 0 nye av 229 analyserte prøver

Onsdag 07. april: 1 ny av 384 analyserte prøver

Torsdag 08. april: 1 ny av 295 analyserte prøver

Fredag 09. april: 0 nye av 223 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde kan sjølv bestemme kvar dei sender koronaprøver som er tatt, og difor kan prøver bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse prøvene er ikkje med i Helse Førde sine tal, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde.

Ein koronapasient

Ifølgje Helse Førde sine tal er no ein pasient med stadfesta covid-19 smitte innlagd på sjukehus i Helse Førde. I går var det ingen innlagde pasientar med stadfesta covid-19 i helseføretaket.

Tilsette i Helse Førde

Laurdag morgon er fem av rundt 3000 tilsette i Helse Førde heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Talet på tilsette som har hatt stadfesta covid-19 er framleis sju.