157 personar tatt for promillekøyring i Vestland

I første kvartal i 2021 vart 157 personar tatt for promillekøyring i Vest politidistrikt. Samanlikna med året før er dette ein auke.

I løpet av dei tre første månadane i 2021 har totalt 2418 personar blitt tatt for promillekøyring. I Vestland har 157 personar blitt tatt til no.   Foto: arkiv

Nyhende

Vest politidistrikt har i første kvartal i 2021 tatt totalt 157 personar for promillekøyring. I januar vart 63 personar i Vestland tatt for å køyre med promille, medan talet gjekk ned til 42 personar i februar. I mars var det ein auke frå månaden før med 52 personar. Samanliknar ein desse tala med første kvartal i 2020 er dette ein auke på seks personar, kjem det fram i ei pressemelding.