Lastebil har køyrt i grøfta

Vest politidistrikt melder om ei trafikkulukke ved Lotetunnelen fredag.

Ein lastebil har køyrt i grøfta ved Lotetunnelen.   Foto: arkiv

Nyhende

Ifølgje Vest politidistrikt har ein lastebil køyrt i grøfta ved E39 på utsida av Lotetunnelen fredag. Det skal ikkje vere snakk om personskade, og sjåføren har bestilt berging.

Politiet dirigerer trafikken på staden.