Slepet går som planlagt

Det har ikkje vore særleg store utfordringar knytt til lasteskipet Eemslift Hendrika natt til torsdag. Skipet vert no slept mot Ålesund.

Gjennom natta har slepet av Eemslift Hendrika gått som planlagt, og det held no fram mot Ålesund med ein fart på rundt tre knop.   Foto: KV Bergen

Nyhende

Onsdag kveld kom meldinga frå Kystverket at det var fare for at lasteskipet Eemslift Hendrika ville drive på land i løpet av natta, og Kystverket erklærte difor statleg aksjon. Det vart sett i gong mobilisering av oljevernressursar i området, samtidig som det vart gjort nye forsøk på å slepe lasteskipet onsdag kveld.