Har avslutta aksjonen

Lasteskipet Eemslift Hendrika er i hamn i Ålesund, og den statlege aksjonen er no avslutta.

Ifølgje Kystverket har slepet av det nederlandske lasteskipet Eemslift Hendrika har gått som planlagt. Klokka 17 torsdag ettermiddag vart aksjonen avlsutta.  Foto: KV Bergen

Nyhende

Onsdag kveld kom meldinga frå Kystverket at det var fare for at lasteskipet Eemslift Hendrika ville drive på land i løpet av natta, og Kystverket erklærte difor statleg aksjon. Det vart sett i gong mobilisering av oljevernressursar i området, samtidig som det vart gjort nye forsøk på å slepe lasteskipet onsdag kveld.