Dette er status

Fare for skred - lokale vegar er stengde

Fleire lokale vegar er stengde på grunn av snøskred og fare for snøskred. Nokre fjellovergangar i Vestland har også uvêr.

Fleire lokale vegar er stengde på grunn av snøskred og fare for skred. Her er Fjordabladet på veg ned frå Furefjerding ein vinter.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Den siste veka har det vore vanskelege køyreforhold fleire stadar på Vestlandet, og fleire fjellovergangar har vore stengde i fleire dagar. Det har også fleire lokale vegar.

På Fv. 5744 Fossebakken – Navelsaker har vore stengt og nattestengt på grunn av fare for ras. Ifølgje Statens vegvesen er vegen stengt på grunn av fare for ras, men det er venta ny vurdering fredag klokka 07.

På Fv 5724 Briksdal – Sandnes, på strekninga Briksdal – Olden er stengt på grunn av fare for skred. Her er det også venta ny vurdering fredag klokka 07.

På Fv. 5723 ved Hogrenning – Sande, på strekninga Bødal – Loen er vegen også stengt på grunn av fare for skred. Her også er det venta ny vurdering fredag klokka 07.

Hogrenning – Bødal, på strekninga Bødal – Loen er vegen stengt på grunn av snøskred. Det skal ha gått fleire ras i dette området i løpet av dei siste dagane.

På Fv. 5722 ved Flo – Veslebygda, på strekninga Storesunde – Flo, er vegen stengt på runn av fare for skred. Her er det også venta ny vurdering fredag klokka 07.

På Fv. 5720 ved Hjelle – Erdal, på strekning Hjelleøyane – Erdal, er vegen stengt på grunn av fare for skred. Her også er det venta ny vurdering fredag klokka 07.

Status for fjellovergangane

Når det gjeld fjellovergangane i Vestland er status no klokka 19:30:

  • Strynefjellet: Ope. Her skal vere vekslande bart, bart og vått og tynn is. Det skal vere fare for elg. Dette gjeld inntil vidare.
  • Vikafjellet: Stengt på grunn av uvêr. Gjeld frå torsdag klokka 14:32 og inntil vidare.
  • Hardangervidda: Kolonnekøyring på grunn av uvêr. Dette gjeld frå torsdag klokka 18:06 og inntil vidare.
  • Filefjell: Ope. Her er bart og vått. Gjeld inntil vidare.
  • Haukelifjell: Ope. Her er vekslande snøslaps, bart og vått. Gjeld inntil vidare.
  • Tying – Årdal: Ope. Her er snø og isdekke. Dette gjeld inntil vidare.
  • Hol – Aurland: Ope. Her er det meldt om vekslande bart og vått, snø og isdekke og nokre stadar redusert sikt. Dette gjeld inntil vidare.
  • Hemsedalsfjellet: Stengt på grunn av oppryddingsarbeid. Dette gjeld frå 18:58 og inntil vidare.

Oransje varsel for snøskred

Det har den siste tida vore stor snøskredfare og betydeleg snøskredfare i Indre Fjordane. 5. og 6. april var det stor snøskredfare og det vart sendt ut eit raudt varsel for snøskred for området. Sidan 7 april vore oransje varsel for snøskred, og både fredag og laurdag er det sendt ut oransje varsel for snøskred i Indre Fjordane, ifølgje varsom.no.

Årsaka til det oransje varselet er generelt ustabile forhold. Varsom.no oppmodar alle om å unngå leområde og andre terrengformasjonar som samlar vindtransportert snø.

I Lodalen i Stryn kommune har det gått fleire snøskred dei siste tida, og fleire personar har vore innestengde i hus og hytter sidan starten av veka. Ifølgje ein mann på tråden skal dette vere både barn og unge, men også personar over 80 år.