Analyserte 384 prøver – ei er positiv

Helse Førde analyserte torsdag 384 prøver og ei av desse prøvene var positive. Dette er den andre positive prøva analysert i Helse Førde denne veka.

Denne veka har Helse Førde analysert 742 koronaprøver, og to av desse har vore positive. Begge desse er tatt i Stad.  Foto: ILL.FOTO

Nyhende

Onsdag analyserte Helse Førde 384 prøver og ei av desse var positiv. Dette kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal torsdag morgon. Den positive prøva er tatt i Stad. Onsdag kveld vart det klart at ein person i Stad hadde testa positivt for covid-19 etter å ha testa seg i Selje tysdag. Vedkomande som har fått stadfesta covid-19 smitte har vore i karantene som nærkontakt til ein person i husstanden som tidlegare har fått stadfesta covid-19.

Onsdag kveld hadde Stad kommune fått svar på 46 av 48 prøver tatt på Nordfjordeid, og 14 av 14 prøver tatt i Selje tysdag. Ingen av desse andre prøvene som det er kome svar på er positive.

149 smitta i Stad

Ifølgje VG sine oppdaterte tal er det no totalt 149 personar i og frå Stad som har fått stadfesta covid-19. Før utbrotet i Stad i starten av mars, var det rundt 30 personar som hadde fått stadfesta smitte i løpet av året.

Ifølgje VG har Stad kommune no flat smittetrend. Smittetrenden var stigande mellom 9. mars og 30. mars.

Dei siste 14 dagane har 18 personar i Stad fått stadfesta covid-19. Per 100.000 innbyggjarar er dette 189,1 personar. Stad er no oransje på kartet. Av kommunar i nærleiken av Stad, er også Ørsta oransje på kartet. Fjord kommune er mørke raudt.

13 denne veka

Denne veka har Helse Førde analysert 742 koronaprøver, og to av desse har vore positive. Begge desse er tatt i Stad.

I løpet av dei siste åtte dagane, mellom onsdag 31. mars og onsdag 7. april, har Helse Førde analysert 1520 prøver. Av desse analyserte prøvene har 13 av dei vore positive. Dagen med flest positive i denne perioden er søndag 4. april med seks positive prøver. Fredag 2. april og tysdag 6. april er dagane der alle prøvene har vore negative.

Onsdag 31. mars: 1 ny av 263 analyserte prøver

Torsdag 01. april: 2 nye av 137 analyserte prøver

Fredag 02. april: 0 nye av 69 analyserte prøver

Laurdag 03. april: 2 nye av 158 analyserte prøver

Søndag 04. april: 6 nye av 151 analyserte prøver

Måndag 05. april: 1 ny av 129 analyserte prøver

Tysdag 06. april: 0 nye av 229 analyserte prøver

Onsdag 07. april: 1 ny av 384 analyserte prøver

Kommunane i Helse Førde kan sjølv bestemme kvar dei sender koronaprøver som er tatt, og difor kan prøver bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse prøvene er ikkje med i Helse Førde sine tal, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde.

Ein koronapasient

Ifølgje Helse Førde er ein pasient med stadfesta covid-19 smitte innlagd på sjukehus i Helse Førde.

Det er ingen pasientar med stadfesta covid-19 på intensivavdeling.

Torsdag morgon var det fem av rundt 3000 tilsette i Helse Førde som var heimeverande i karantene eller sjukmelde grunna korona.

Talet på tilsette i Helse Førde som har hatt stadfesta covid-19 er framleis sju.