Nordfjordrådet ber om startløyving til ny strynefjellstunnel

Nordfjordrådet oppmodar innstendig Stortinget om startløyving til ny tunnel på riksveg 15 Strynefjellsvegen i første del av komande Nasjonal Transportplan.

Nordfjordrådet og leiar Alfred Bjørlo har sendt oppmoding til Stortinget om løvingar til Strynefjellstunnelane.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Dei viser til at ny tunnel over Strynefjellet vil erstatte dei 40 år gamle, smale, usikre og bratte tunnelane med ny heilårsopen, trygg og rassikker veg over fjellet mellom aust og vest.