Nordfjordrådet ber om startløyving til ny strynefjellstunnel

Nordfjordrådet har sendt ei oppmoding til Stortinget om startløyving til ny tunnel på riksveg 15 Strynefjellsvegen i første del av komande Nasjonal Transportplan, skriv Fjordingen.

Nordfjordråds-leiar Alfred Bjørlo.   Foto: Ned Alley / NTB/ NPK

Nyhende

Ein ny tunnel over Strynefjellet vil erstatte dei 40 år gamle, smale, usikre og bratte tunnelane med ny heilårsopen, trygg og rassikker veg over fjellet mellom aust og vest.