Dag Austring:

Må følgje partiprogrammet

Det bryggjer opp til internt bråk i Stad Senterparti. Dag Austring som er medlem i partiet meiner at dei innvalde Sp-politikarane set ein strek over saker partiet gjekk til val på, og det fell ikkje i god jord.

Partimedlem: Dag Austring er både sint og skuffa over at partiet hans, Stad Senterparti hoppar bukk over saker som partiet gjekk til val på. – Partiprogrammet skal følgjast. Gjer vi ikkje det har vi null truverde, seier partimedlemmen. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes 

Nyhende

Dag Austring viser til Stad Senterparti (Stad Sp) sitt partiprogram der det under punktet Fiskeri – havbruksnæring – vi vil, står: «Dekke behovet for fiskerihamn i Selje i samarbeid med fiskarlaget og lokale fiskarar sør for Stadt. Arbeide for at Lestovika vert realisert som fiskerihamn, hurtigbåtkai og kai for persontransport».