Køyretøy vart kontrollert for avgiftsfri diesel

Statens vegvesen kontrollerte både tungbilar og lettbilar under ein kontroll på Nordfjordeid onsdag.

Statens vegvesen hadde fokus på diesel under kontrollen på Nordfjordeid.   Foto: arkiv

Nyhende

Onsdag hadde Statens vegvesen kontroll på Nordfjordeid. Både lettbilar og tungbilar vart kontrollerte. Sju tungbilar var innom kontrollplassen, og tre vart kontrollerte. I tillegg vart fire lettbilar kontrollerte.

Ifølgje Statens vegvesen var det særleg kontroll av diesel som var fokuset under kontrollen onsdag. Alle køyretøy vart kontrollert for avgiftsfri diesel. Ingen bruk av avgiftsfri diesel vart avdekt under kontrollen.

I tillegg fekk ein sjåfør gebyr for to utslitne dekk og manglande vognkort. Eit køyretøy hadde også manglar ved underkøyringshinderet, noko som må rettast opp.