Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal onsdag morgon var det ingen nye positive prøver tysdag. Helse Førde analyserte då 229 prøver.
Det vart ikkje tatt nokre prøver i Stad måndag, så ingen prøver vart analysert frå Stad tysdag.
Dette er første dagen sidan fredag 2. april at alle dei analyserte prøvene i Helse Førde er negative.
Dei siste åtte dagane
I løpet av åtte siste dagane, mellom tysdag 30. mars og tysdag 6. april, har Helse Førde analysert 1360 koronaprøver. Av desse analyserte prøvene har tolv av dei vore positive. Dagen med flest positive denne perioden er søndag 4. april med seks positive prøver.
Tysdag 30. mars: 0 nye av 224 analyserte prøver
Onsdag 31. mars: 1 ny av 263 analyserte prøver
Torsdag 01. april: 2 nye av 137 analyserte prøver
Fredag 02. april: 0 nye av 69 analyserte prøver
Laurdag 03. april: 2 nye av 158 analyserte prøver
Søndag 04. april: 6 nye av 151 analyserte prøver
Måndag 05. april: 1 ny av 129 analyserte prøver
Tysdag 06. april: 0 nye av 229 analyserte prøver
Kommunane i Helse Førde kan sjølv bestemme kvar dei sender koronaprøver som er tatt, og difor kan prøver bli analysert i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Desse prøvene er ikkje med i Helse Førde sine tal, og dette er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde.
Ein koronapasient
Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal er ein pasient med stadfesta covid-19 innlagd på sjukehus i Helse Førde.
Onsdag morgon var fem av rundt 3000 tilsette i Helse Førde heimeverande i karantene eller sjukmelde på grunn av korona. Talet på tilsette i Helse Førde som har hatt stadfesta covid-19 er framleis sju og uendra.